Heimen til Engel og Nikolai Astrup ligg som eit smykke over Jølstravatnet. Her kan du sjå Nikolai Astrup sin kunst på nært hald, og korleis han bygde opp heim og gard som både motiv og leveveg. Astruptunet er ein arena under Musea i Sogn og Fjordane.

Astruptunet

Astruptunet er eit kunstverk i seg sjølv. Både bygningar, interiør og gårdshagen kjenner ein att i kunstverka, og mykje av dette er skapt og forma av Nikolai Astrup. Når du starter ved vatnet og vandrar den svingete stien opp i det frodige tunet, bevegar du deg gradvis tilbake i tid. På sitteplassar i gårdshagen kan du nyte utsikta, bruke alle sansane og atmosfæra gir deg ro i sjela.

I 2024 nyopna det restaurerte Astruptunet, etter omfattande arbeid i fire år. Her kan du oppleve ein hage med overflod av plantar og vekster som Nikolai Astrup nytta igjen og igjen som motiv i måleria sine. Astrup tinga 2410 plantar ved Sandnes planteskule - eit stort antall for den tida og eit stort mangfald av nyttevekster! Den nydelege fruktblomstringa om våren, dei raudglødane rabarbrane, bær på seinsommaren og frukt på hausten fortel òg historia om sjølvbergingshushald. Etterkvart vil alle dei tilbakeførte plantane til Astrup, gje deg god innsikt i kva som var i gårdshagen av nyttevekstar. I det bratte terrenget ligg dei flotte og sårbare torvgardane Nikolai Astrup skapte.

Astrup var ein nyskapar i tresnittkunsten i Noreg. Etter studiar i Oslo og Paris, flytta han heim for å skildre naturen i Jølster. Astruptunet huser den største og mest særeigne samlinga av trykkplatene etter kunstnaren. Engel Astrup sin tekstilkunst har dei seinare år blitt løfta gjennom utstillingar. Hennar sentrale rolle på Astruptunet som driftar har blitt ein essensiell del av museets forteljing om kunstnarheimen deira.

Engel Astrup budde på Sandalstrand heilt fram til året ho døydde, 1966. Året før selde ho anlegget til Jølster kommune, og i avtalen frå 1965 fylgde alt av lausøyre og kunstverk som var tilhøyrande Astruptunet salet til den nye eigaren, slik som den unike samlinga av Astrups trykkeplater. Sidan museet vart offisielt opna i 1986, har Astruptunet teke i mot fleire sjenerøse gåver og deponi frå Astrup-familien, Gjensidige, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjordlaget i Bergen og fleire private eigarar. I 1991 vart 51 verk frå den tidlegare Reksten-samlinga kjøpt via fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, blant anna Juninatt kl. 3, som er ei blanding av teknikkane maleri og tresnitt. I tillegg til dette har museet fleire tekstilarbeid, blant anna to faner som er måla av Nikolai Astrup og åtte vevnadar etter kunstnarens design. Samlinga huser òg trykkeutstyret og eit utval av Engel Astrups tekstilkunst – eit arbeid som vitnar om ei nyskaping av den tradisjonelle treskurden

Visit us

Share to