Share to
Veit du at åkeren kan vere blå? Jordbruk kjenner vel dei fleste til, men havbruk – kva veit du eigentleg om det?
Maximum attendees
1 skuleklasse
Duration
2 timer
Time period
Frå august 2025
Other info
Gruppen skal ut i åpen båt, så kle dere etter været. Dere får utdelt redningsvester For å kunne bli med å kjøre RIB må alle elever være fylt 12 år.
Fiskeoppdrett er blitt ei stor og særs viktig næring i landet vårt, men korleis skjedde det og korleis føregår det? Kom til oss, så får du sjå.
Dei siste 40 åra har havbruksnæringa hatt ei enorm vekst, både når det gjeld produksjon og økonomi. På Kystmuseet har vi eit visningsanlegg for laks og aure kor du kan komme og sjå korleis produksjonen går føre seg. Vi forklarar prosessen frå start til slutt, og elevane får sjølv komme ut på merdkanten for nærkontakt med fisken. Vi kombinerer den moderne forteljinga med den historiske bakgrunnen for næringa. For korleis starta eigentleg det heile, og ikkje minst kvifor?
Pedagogisk gjennomføring
- Startar med ein film i auditoriet på museet 15 minBåttur ut til oppdrettet, er det fleire enn 10 elevar tar vi to turar
- Besøk på flåten med gjennomgang av kva som skjer her
- Besøk på merdkanten kor elvane får sjå fisken på nært hald
- Retur til museet kor den historiske biten fortsett, med eit lite foredrag om den historiske bakgrunnen for oppdrett.
- Omvising i utstillinga
Kompetansemål
-
Læreplanen i samfunnsfag, historie og geografi seier at eleven skal undersøkje korleis vi mennesker utnyttar og handsamar dei ressursane vi har tilgjengeleg. Eleven skal kunne gjere greie for om vår bruk av natur- og andre ressursar er berekraftig, bruk- og misbruk av ressursar og kva miljømessige konsekvensar vår bruk kan ha både lokalt og globalt.
-
Vi fortel også om den historiske utviklinga i næringa, noko som passer inn med læreplanens mål om å gjere seg kjent med kva hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg.