Share to
School
School
Barndom på 1800-talet
Korleis var det å vere barn på 1800-talet? Med utgangspunkt i nokre av husa i museumstunet og aktivitetar, skal elevane få eit innblikk i korleis det kunne vere å bu og leve på denne tida, i sunnfjordbygdene. Elevane får mellom anna prøve å bære vatn med vassele og kverne korn. Opplegget passar godt å kombinere med tilbodet "Skulen i gamle dagar".
School
Skulen i gamle dagar
Korleis kunne skuledagen og kvardagen vere for born på slutten av 1800-talet? Vi tar turen inn i skulestova frå 1891! Her får elevane eit lite inntrykk av korleis skulekvardagen kunne vere for sine tippoldeforeldre.
School
Open omvising
Vi kan skreddersy formidlingstilbod tilpassa di gruppe.
School
Museumsbuss: Ungdom og identitet i fortid, notid og framtid
Kva er identitet, og kva spelar inn i forming av den? Kva fridom hadde ungdom på slutten av 1800-talet til å forme sin eigen identitet?